Nyheitsarkiv
9.september
Topp Belgiade!
Det vart ei skikkeleg bra helg på Union
Hotel i Geiranger.
Mykje god musikk, god mat og i det heile...
Det var stappfullt dansegolv, og rett og slett knakande løje
å
spela. Stor takk til publikum og arrangørar for ei flott
festivaloppleving.
3.august
Full fart i haust
Sommarferien er definitivt over for oss. 10.august
tek det heile til med
bryllupsspeling i Sjårdalen. Deretter går det slag i slag
heile hausten og ut året.
Private lag er det ein del av, men du kan også treffe oss på
Belgiaden i Geiranger,
Grotlitreffen samt fleire andre stader. Vi har også fått
samtlege julbordsspelingar
på Grotli, så dermed ser det ut til at desember er fullbooka.
Vi gler oss!
29.juli
Velykka irsk festival
Gratulasjonar til Ole Jonny og Jon; Storøyafestivalen
vart velykka!
Det var heller labert med folk fredagskvelden, men likevel topp stemning.
laurdag var det full fres frå tidleg dag. Nærare 1000
personar var innum i løpet av
laurdagskvelden. Folk dansa og drakk (overraska det?) til musikk frå
blant andre
Selters, Cripple Creek, Belfast Muslims, Heavy Haggis og Killieburne
Brae.
Festival blir det også neste år! Fylg med for nærmare
info!
19.juli
Irsk festival
Storøyafestivalen står for tur.
Ifylgje festivalsjefane er det venta
utruleg mykje folk. Vi skal gjera vårt beste, og vår fyrste
fellesøving lova temmeleg
bra. Onkelongjen hass Esben, Anders, har lært leksa si.
Vi skal også ha med Stian Bøhle på australsk Dij',
samt Kari Tone Sperstad på sang.
Vi lovar at stråndingein skal rocke Storøya både
fredag- og laurdagskvelden med
alt frå tradisjonelt irsk, via cajuninspirerte saker til gåmålrock
på tvaurader.
Alt tilrettelagt for fem- og tvaurader. Møt opp!!
18.juli
Elendig Titano
Resultatet under årets Titanofestival
vart elendig. 22.plass
er slett ikkje noko å skryte av. Spelinga gjekk likevel ikkje
så frykteleg dårleg,
dersom ein tek det skrøplege øvingsgrunnlaget til etterretning.
11.juli
Nytt reisebrev frå Thailand
Naa regner det virkelig katter og hunder her,
evt. elefanter og dinosaurer! Vi er naa i Krabi, der vi skal ta buss
tilbake til Bankok. Vi har vaert fire dager paa Railay beach. Her
var det virkelig flott! Floyelsmyk sand, store boelger og enorme kalksteinsklipper
over alt. Vi bada og lata oss her, og Geir ble litt, les: mye solbrent
paa magen. Naa har vi tre netter igjen i Bankok foer vi kommer hjem
til gamle landet! Hils alle og si at vi fortsatt nyter ferielivet!
Sigrid og Geir
1.juli
På tur i Thailand
Hello,
friends and family! Naa har vi ankommet Koh Samui, en oy sor i Thailand.
14 timers reise med buss og baat fra Bankok var ok naar vi kom fram
til vaar bungalow! Vi har egen strand, kritvitt med krystallklart
supervarmt vann!!(opp mot tredve grader i vannet). Vi har siden vi
kom hit bare latet oss, og virkelig hatt ferie. Godt med ro og slaraffenliv
etter braakete Bankok. I morgen skal vi paa snorkletur, og ellers
tar vi dagene som de kommer! Snakkes!! Sigrid og Geir
14.juni
Ymbjørgøyene steppar inn
Geir reiser på ferie i Thailand saman
med Sigird under Titanofestivalen. Odd Ymbjørgøyen
blir med på gitar i staden for Geir, dermed skulle vi vera sikra
skikkeleg kompetent gitarist også
under NM. Elles har vi nokre av festivalleikene på plass. Ingenting
blir derimot røpa her og nå!
2.juni
Stråndingein
til Storøyafestivalen
Ramstadstråndingein stiller på Storøyafestivalen
26.-27-juli. Vi tek med onkelonjgjen hass Esben på trommer,
Stian Bøhle på australsk tåkelur og fløyte,
samt Kari Tone Sperstad på kor/sang.
Vi garanterer topp stemning, sjølv um det har vore skralt
med øving så langt. Får satse på ei knalløkt
veka før festivalen.
Sjekk forøvrig Storøyafestivalen her.
30.april
På
tide med ny cd
Vi har så smått lufta planane om å spela
inn den fjerde plåteproduksjonen vår. Sjølv um
ingenting er bestemt enno, er det i alle fall sikkert at vi går
heilt andre vegar enn tidlegare når det gjeld innspelingsdelen.
Ei av moglegheitene er å ta med Stein Arne og det gilde lydutstyret
hass til sætre hass Per i Smørli'n.
Ein anna god ide er å leige eit festlokale ei helg, halde ope
hus, og gjera ei live-innspeling.
1.mai
Storøyafestivalen
Ny norsk festival med basis
i irsk folkemusikk. Det er Ole Jonny som saman med Jon Volden dreg
i gang festivalen på Storøya i Skjåk. Festivalområdet
ligg idyllisk til like ved gamle Vollungsbru, og er ypperleg eigna
for slike festivalar. Programmet for årets festival er også
klart. Namn som Brendan Mc Keever, Stein Berntsen, Belfast Muslims,
Cripple Creek, Selters og Heavy Haggis, er nokre av banda som kjem.
Ramstadstråndingein kjem også, og som i fjor har vi med
oss festivalforsterking ein kjem til den meir "rocka" biten.
I år er det onkelongjen hass Esben som blir med oss på
trommer.
20.april
Belgiaden
Spelinga under Belgiaden i september er bekrefta. Vi fekk æra
av å vera med der for nokre år attende, og det er liten
tvil om at kjem til å bli knakande artigt i år også.