live 2004

Terje Kveen
Født 1968. Bur saman med kona Edel og ungane Anne og Olav på Uppigard Kveen
der han steller med nokre kryttyr, og strir i brattlendte hellingar for at kryttyra
skal få noko å tyggje på. Sitt daglege virke har han likevel som produksjons-
arbeider på Interfil i Skjåk.
Terje spelar fyrstetrekkspel og riv litt i tvaurader'n attåt. Har saman med Esben
vore med i stråndingein heilt sidan starten i 1987, og kan vel utan tvil seiast å
vera den stødigaste av oss. Det er lite tull med Terje, men når det fyrst
"berst uttu" tek det heilt av i mils umkrets kring n'Terje.
Av musikalske merittar ved sidan av Ramstadstråndingein har Terje, som så
mange andre av oss, ei fortid i skulemusikken og Skjåk Trekkspellag.
Siste nytt um Terje; nå har det vorte elgjeger av guten også. Hausten 2004 vart det for fyrste gong SKIKKELEG utrygt å vera elg i Skjåk
Send e-post.

Esben Bjørnstad
Født i 1972. hadde sambuar i mange år, var ungkar ei litol stund, og har på nytt fått seg ein såkalla "bedre halvdel. ( Det er ikkje heilt greitt å fylgje med i dette her). Bryllupet sto i mai, med eit knakande triveleg lag i august 2003.
Esben er eigentleg
fullblods vestopplænding, men har budd i Skjåk i storparten av livet sitt.
Til dagleg er han stort sett å treffe heime på garden i Ponslina 18. Med mindre han
er på kafèrunde, ei eller anna slags øving eller på møte saman med andre yrkesfrender.
Esben spelar tvaurader i gruppa, og har vore med heilt sia byrjinga. Guten er verkeleg
i sitt ess når han får ein tvaurader mellom hendene, og det er ikkje berre berre å vera
belg når n'Esben fyrst dreg igang.
Trass i at han har røter uttafor dei mest tvauraderprega distrikta, har faktisk innsatsen
med tvaurader'n vorte belønna med fleire medaljar i solistklassa i NM i tvaurader.
Elles er Esben den einaste av oss som er sjølvstendig nok til å stå på eigne bein og leve
av eigen gard.
Også Esben starta den musikalske karriera som trommeslager i skulemusikken.
Deretter har han gjort mangt eit musikalsk krumspring, med eit par "lynkarrierar" som
trommeslager i pop-band. Han har også vore med i trekkspellaget, og er i tillegg
musikalsk leiar i Nordberg Tvauraderlag.

Siste nytt um Esben: Trippa spent på å få kome igang med våronna.

Tormod Sperstad
Født 1974. Bur i Nordberg saman med Lissa, dottera Live og sonen Torstein.
Tormod spelar bass og syng litt andrestemme her og der. Har vore med i
Ramstadstråndingein sia våren 1987, er utdanna journalist, arbeider for tida ved
ventilasjonsfilterprodusenten Interfil AS.
Det er også han som har stått for utviklinga av internettsidene til Ramstadstråndingein.
Skulemusikken var fyrste steg på den musikalske karrierestigen til Tormod.
Sidan har det vorte fleire gamaldansorkester, og eit tre-fire rockeband.
Med sistnemnde vart han også Gudbrandsdalsmeister i rock i 1993,
samstundes som han også innkasserte tittelen som beste instrumentalist i
det same meisterskapet.
Siste nytt um Tormod: familien Lund Sperstad ventar nr.3 i mai i år.
Send e-post.

Ole Jonny Runningen
Født 1962. Ole har to barn, og er gift med Grete Vigdis. Og det er sistnemte som har
æra for at Ole er skjåkver. Han er nemleg opprinneleg vagver, og det måtte god
gamaldags kvinnelist til for å lure han og trekkspelet øvst uppi Ottadalen.
Ole Jonny har vore med sia 1992 og spelar andrespel i orkestret. Han er sjølvsagt
vokalist når broder Åge skal tolkast på skikkeleg vis. Elles er Ole styggeleg bilredd,
og er difor ein like sjølvsagt sjåfør når Ramstadstråndingein er ute på vegen.
Til dagleg arbeider Ole Jonny som snikker i SEBB. Ved sidan av snikkeryrket går det med
ein god del tid i arbeidet som treffgeneral for den etter kvart svært så populære Grotlitreffen.
Også Ole har vore innom ein god del musikalsk. Blant anna som leiar i Skjåk Trekkspellag.
Siste nytt um Ole:Både Grete Vigdis og Ole Jonny er elles vorte besteforeldre. Prostata og Viagra neste, Ole!
Send e-post.


Geir Byre
Født 1974. Bur i Trondheim saman med sin kjære Sigrid, der dei freistar tilværet som
byfolk for nokre år.
Sidan er planane å eingang i framtida fløtja heim til heimstaden til Sigrid - som ligg
berre eit knallhardt steinkast frå'n Tormod. Mykje rart kan sikkert koma ut av det
naboskapet.
Geir er ein av to orkestermedlemar som er importert frå nabobygda Lom.
Han har vore med sia 1994, og i tillegg til å stå for ymse trommeprogrammering, spelar
han ei uhorveleg stor mengd strengeinstrument. Det verste er at han høyrest ut til å
beherske alle strengene. Guten er nok med andre ord horveleg musikalsk.
Geir er den einaste av stråndingein som har tilstrekkeleg med utdanningskompetanse
til å kalle seg pedagogisk leiar, og kan difor vera grei å ha når det er noko innvikla som
vi andre ikkje skjøner oss på.
Også Geir har vore innom mykje rart musikalsk sett - alt frå den snillaste folkemusikken
til den svartaste heavy-rocken.
Siste nytt um Geir: Han og Sigird ventar barn nr.1 i slutten av juli.
Send e-post.

Per Runningen
Født 1969. Bur saman med Celi i nybygd hus på heimgarden Turrmoen i Vårdalen, Lom.
Per er "ferskingen" i gruppa, med berre tre års fartstid som ramstadstrånding.
Musikalsk sett er han derimot slett ingen fersking (skulle kanskje berre mangle når han
kjem frå tradisjonsmusikken si vaugge - Vårdalen?), og det er blant anna Per som står for
det meste av arrangeringa av gamaldansleikene til Ramstadstråndingein.
Ved sidan av drifta av heimgarden, arbeider Per til dagleg på Felleskjøpet si avdeling i Skjåk.
Også han arbeider ved musikk- og kulturskulen i Lom, der han underviser på tvaurader.
Som ekte vårdøl har han vore innom reint utruleg av
gamaldansorkestra i Ottadalen - enten som trekkspelar eller gitarist.
Siste nytt um Per: Travelt upptatt kar på Turrmoen.
Send e-post.

 

bilete
lyd
medlemane
musikken
på cd
lenker
kontakt
gjestebok
festivalkalender
heimatt
 
heimatt Så langt har FastCounter by bCentral vore innum www.gammeldans.net