live 2002

...om musikken

I løpet av dei 13 åra som har gått sia gruppa vart danna, har Ramstadstråndingein utvikla seg frå å vera eit fullblods gamaldansorkester til å spela meire "blandadans".
Tradisjonsrik gamaldans står sjølvsagt i høgsetet. Det var med det det heile starta, og det er kvek gamaldans gutane framleis kan aller best.
Likevel har etter kvart meire country- og irskinspirert musikk også vorte ein viktig del av setlista. Noko festpublikumet veit å setje pris på.

Inspirasjonskjeldene er mange og ikkje minst varierte. Mange einskildpersonar og band har påverka dei seks musikerane - bevisst eller ubevisst.
Det er meir eller mindre solide spelmenn i slekta til alle saman. Dei har med andre ord fått ei god dose inn gjennom morsmjølka.
I alle heimane har musikken også vore ein naturleg del av kvardagen gjennom heile oppveksten.
Opp gjennom åra har gutane også spelt i mange ulike band, og alt dette har nok i ein eller annan grad farga spelestilen, og forma Ramstadstråndingein til det dei er i dag.
Setlista som blir brukt i dag gjenspeglar nok ein del av dette musikalske mangfaldet. Her er det gamle leiker av kjende, og mindre kjende eldre spelmennskjelder både frå Ottadalen og landet elles.
Ein svært viktig del av lista er også eigekomponert materiale, både tradisjonell gamaldans og countrybasert rock med norske tekster. Alt sjølvsagt arrangert og lagt til rette ut frå besetninga.

 

bilete
lyd
medlemane
musikken
på cd
lenker
kontakt
gjestebok
festivalkalender
heimatt
 
  Så langt har FastCounter by bCentral vore innum www.gammeldans.net