live 2002

RAMSTADSTRÅNDINGEIN

Spelt inn i Skjåk Musikk- og Lydstudio våren 2000. Produsert av Bent Jacobsen og Lars Bakke.
Design og art direction: Per Lund.
Mastering: Diagnosis Mastering.
Utgjeve 2000.
Bestill CD


1.På kne og albågå (Geir Byre)
Dette er ein masurka som Geir komponerte på gitar(!)
for godt og vel eit par år sia, og som vi har arrangert for
tre trekkspel. Namnet kom dettande etter eit svært så lystig lag
på Moar grendehus i Skjåk, med ei påylgjande "ovelte" uti garden
ein eller annan gong på morgonkvisten (sjå billedsie).


2.Skotsk i form etter Pål Kleiven
Pål Kleiven vart født på søre Vetleseter i Lia, Lom i 1924.
Pål er pensjonert snikker, og bur i dag i Garmo. Han er voldsomt
musikkinteressert, og ei god kjelde å finne leikje ti.


3.Jubilanten (Esben Bjørnstad) MP3
Esben har lågå mange gode leikje i løpet av åra han har vore med med
i Ramstadstråndingein. Denne valsen lågå han i anledning 30-årslaget
hass Terje Kveen, og leiken måtte sjølvsagt bli heitande jubilanten.

4.Reinlend4.44.Reinlender etter Anton Biløygard MP3ygard MP3
Ein knakande god reinlender som vi fann på eit gamalt opptak
med Hans W. Brimi (1917-1998). Hans hadde leiken etter ein annan
spelmeinn frå Garmo, Anton Biløygard (1908-1991), som var tenestekar
på Nordre Brimi.


5.Rår over eiga tid (Geir Byre/Tormod Sperstad)
Dei fleste av oss lever i ein meir enn hektisk nok kvardag der
arbeidet har både fyrste og andreprioritet i livet vårt.
Kven kunne vel ikkje tenkje seg å stå litt friare til å la
arbeid vera arbeid og ta betre vare på seg sjølv og sine?


6.Masurka etter Hans Neset
Felspelar Hans Neset (1909-1985) var ein god dansespelmeinn
frå Sjårdalen i Vågå. Hans var timbrar, og spelte mykje saman
med blant andre Iva Bråtå. Masurkaen var opprinneleg ikkje på lista
over dei leikene som skulle vera med på plåta, men ein oppmerksam
tekniker tok den likevel opp under ein sein kveldsjam i studio.
Vi har valt å spela tredjestrøket i c, medan andre læt det i G-dur.


7.Polka etter Peder Husom
Røros-traktene har avla mang ein god spelmeinn.
Peder Husom (1863-1903) var kjent som ein drivande god spelmeinn.
Det finst mange gode leiker etter han, og denne er ikkje noko unntak i så måte.

8.Vals etter Jon Kolstadløkken MP3
Gjennom åra har vi fått mange gode leiker etter Jon Kolstadløkken frå Skjåk.
Dette er ein god, gamal Skjåk-leik som overraskande nok ikkje er noko
viare brukt i dag. Vi har lært leiken av Terje Stensgård, og vi har prøvd å gje valsen
eit eige uttrykk ved å nytte
ei meir spesiell instrumentsamansetjing; einrader,
melodiførande gitar og fretless bass.


9.Spelmeinnsenka (Geir Byre)
Nok ein god leik som n'Geir har komponert. Reinlenderen er lågå til ære
for alle dei som sit heime helg etter helg medan mannen turar burte på speling.
Dette er ein spesiell takk til orkestermedlemane sine tolmodige familiar.


10.Rose in the heather (trad.arr.Ramstadstråndingein) MP3
Irane har kanskje i enda større grad enn oss greidd å bevare røtene
i folkemusikktradisjonen. Tek du turen innom ein godt innrøykt pøbb
i ein liten irsk by, sit det nesten garantert eit par, tre spelmenn
og jammar over ein pint eller to. Arrangementa er oftast
minimalistiske - likevel læt det heilt fantastisk! Det er folkemusikk med sjel.
Kanskje ein del av oss er i ferd med å drepe litt av røtene i musikken
ved å gjera den til noko meir høgtidleg enn den er?

11.Masurka etter Torkjel Auale
Skjåkværen Torkjel Auale (1863-1940) var ein av dei store spelmennene
kring førre århundreskiftet. Torkjel spelte mykje saman med kjende
vestlandsspelmenn, deriblant Jon Bolstad. Noko som mange hevda
sette sitt preg på spelstilen hass. Sjølvaste Fel-Jakup var ofte heime
hjå far til Torkjel, og det er vel dermed ikkje utruleg at han fekk litt
inn den vegen heller.
Det er svært mange knakande gode leiker etter
Torkjell, og denne - som så mange andre - har vi funne på eit gamalt,
nedstøva spoleband.

12.Vegaskjelskotsk
Nok ein leik som vi har etter Jon Kolstadløkken. Jon brukte leiken under
namnet Vegaskjelskotsk, medan den og går under andre namn i andre bygder.


13.Fel-Jakup vals
Fel-Jakup, eller Jakob Olsen som han eigentleg heitte, vart født i fjoset
på Nedre Bruheim i Skjåk i 1821. Allereie som gutongje vart han sett burt
på legd, men han rymde og levde i mange år eit omflakkande liv.
Etter kvart gav han seg med Fant-Kal, ein anna kjend spelmeinn,
og dette vart nok ei lærerik tid for Jakup. Han vart etter kvart ein namnspurd
spelmeinn som hadde enormt med leiker i hovudet. Fel-Jakup døydde
den 27.juni 1876. Eit rikt, men hardt spelmeinnsliv hadde teke slutt.


14.Drifting Down
(Hans Bakke)
Det er mange gode hobbykomponistar i ottadalsbygdene, ikkje berre i
gamaldansmiljøet. Denne har vi fått frå Hans Bakke, som spelar fele i LoMsk.
LoMsk hadde Drifting down på setlista si på byrjinga av 80-talet, og vi har arrangert låta ut frå vår besetning.


15.Turnuskandidaten (Geir Byre)
Denne reinlenderen komponerte Geir til syster si, Merete Byre Forberg,
sin 28-årsdag 18.mars 2000. Merete var på tur til å gå ut i turnus som dokter i di
tiom at leiken vart lågå. Difor namnet Turnuskandidaten.

16.Rustbumasurka (Ola Opheim)
Ola Opheim frå Vågå er ein av dei fremste spelmennene i vår tid,
og har vore spesielt kjent for eit drivande godt dansespel. Gjennom eit langt
spelmeinnsliv har Opheim samla ei enorm mengd leiker. Denne masurkaen står han sjølv bak.


17.I spelmeinnro'n
Skotsk i form etter Hans W. Brimi. Meisterspelemannen frå Vårdalen i Lom
treng vel ingen nærare presentasjon. Leiken er i alle fall knakande god.


18.Jeg er ungkar (Trad./Anton Lilleseter)
Folkemusikk er både ord og tonar. Denne stubben har vi arrangert så enkelt
som det går an å gjera det - med Geir einsleg på sang. Den glitrande teksta
til visa er det heidølen Anton Lilleseter som står bak. Vi har fått visa frå Finn Sandum.

SUS OVER AURMO'N

Spelt inn i Skjåk Musikk- og Lydstudio oktober/november 1994,
og live under Grotlitreffen oktober 1994.
Produsert av Magnar Slettede/Ramstadstråndingein.
Utgjeve 1995.



1.Sus over Aurmo'n (Esben Bjørnstad)
Denne reinlenderen er ein av dei fyrste som n'Esben lågå.
Leiken fekk namnet av Tor Bruland etter ei konkurranse i Ottadalsradioen.


2.Vals etter Mathias Bakken
Mathias skal ha vore knakande god til å spela vals.
Denne hadde Mathias sjølv etter Iva Kolden.


3.Masurka på Sognefjellet (Tore Lund)
Tore Lund har spelt tvaurader i ei årrekkje, blant anna i Toradergutta fra Skjåk.
I dag læt han mest til husbruk, men framleis tek han gjerne fram tvaurader'n
i lystige lag. Lystige lag har det vore mange av på Sognefjellshytta, og det er
nok eitt av desse han hadde i tankene når han komponerte denne leiken.


4.Polka etter Iva Kolden
Iva Kolden (1900-1973) var også ein god felspelar frå Vårdalen som i si tid var mykje brukt som dansespelmeinn.
Iva hadde ein bestemt leik som teikn på at festen var slutt. Leiken hadde også tekst;
Nå er det siste leiken e let.
nå må du vera sprætte å spræk
nå æ de' kome friar på gard'n
ein uppi lofte' og to uti sval'n


5.Skjellpolka

6.Strondavalsen
(Terje Kveen)
Denne valsen har vore med oss heilt sia starten i 1987.
Den vart heitande Strondavalsen, etter orkesternamnet.


7.Springar i tradisjon
Det er vanskeleg å få ein springleik til å låte heilt som den skal med vår bestning.
Difor har vi valt å spela denne i masurkaform.


8.Hilsen til May (Esben Bjørnstad)

Esben har etter kvart fått fleire fine valsar på samvitet.
Kvifor dette namnet? Det kan døkk sjølve tenkje døkk til.


9.Flygauken (Bjørner Holshagen)
Knakande god reinlender som vi låg ti veker på Opplandstoppen med.
Opptaket er gjort live under Grotlitreffen 1994.


10.Hest-valsen (Esben Bjørnstad)
Denne leiken er også teke opp på Grotlitreffen i 1994.
Kvifor den vart heitande Hest-valsen er det ingen som veit heilt.


11.Reinlender etter Iva Bråtå
Nok ein leik som er teke opp under under ei dansespeling på Grotlitreffen.

12.Bøverdøl'n
Den siste vi har med på denne plåta som er teke opp på Grotlitreffen.

13.Skotsk etter Jon Kolstadløkken
Denne går under namn som Fel-Jakup skotsk og skotsk etter Iva Kolden.
Vi har lært den frå Jon Kolstadløkken.


14.Reinlender frå Lom

15.Polka i tradisjon


16.Blind Fiddler (Trad.)
Opprinneleg ei irsk tradisjonslåt som vi har arrangert ut frå vår besetning,
og med Ole Foss som gjestemusikant på fele.

DANS PÅ BRUBERGOM

Spelt inn i Skjåk Musikk og Lydstudio 1996. Produsert av Bent Jacobsen.
Utgjeve på GP records i 1997.

Bestill CD



1.Per og Sverres masurka (Ole Jonny Runningen)
Ein 50 årsdag er sjølvsagt verd å feire, og når to 50-åringar slår seg ihop for å feire i lag,
så er jubilantane sjølvsagt verd ein skikkeleg masurka.

2.Vals etter Kristen Fyrun
Få plassar i landet kan vel skilte med såpasss mange gode spelmenn som Vårdalen i Lom.
Kristen Fyrun er ein av mange gode spelmenn frå Vårdalen, som også har hevda seg
sterkt som A-klassespelmeinn.


3.Reinlender etter Jon Kolstadløkken
Jon Kolstadløkken er ein av mange tradisjonsbererar frå Skjåk, og har ført viare mang
ein god Skjåk-leik.Denne reinlenderen har vi sjølve fått etter han.


4.Polka etter Ola Moløkken
Ola Moløkken (1871-1957), eller "Lykkjen" skal ha vore særskilt god til å låte.
Han var født på småbruket Hovtye i Vårdalen, og byrja tidleg å spela fele.
At "Lykkjen" også var eitt av dei verkeleg store forbilda til
Hans W. Brimi skulle vel seie litt om denne spelmeinn.


5.Masurka i tradisjon
Mange av leikene vi spelar har vi funne på gamle spolebandopptak.
Likeeins denne, med ukjent opphav.


6.Leiken hass Atle (Arnstein Fjerdingren)
Arnstein Fjerdingren frå Skjåk er ein av dei likaste tvauraderspelmennene vi har i dag.
Han har spelt sia han var gutongje, og har ein spelstil som held tradisjonen i hevd.
Denne komponerte han til ein kamerat av seg for nokre år sia.


7.Skotsk etter Jon Kolstadløkken
Nok ein leik vi har etter Skjåk-spelmeinn Jon Kolstadløkken.

8.Bøverdalen er stedet (Arnt Joar Bråten/Geir Byre)
At Bøverdalen er stedet skulle det vel ikkje vera nokon som helst tvil om.
I alle fall ikkje etter at du har høyrt på denne melodien.


9.Skotsk etter Sigurd Biløygard
Som tidlegare nemnt er det mange gode spelmenn frå Vårdalen i Lom.
Tvauraderspelmeinn Sigurd Biløygard (f.1917)har mange fine komposisjonar bak seg,
og han er framleis like ivrig til å stelle til leiker - sjølv om han er komen opp i ein respektiv alder.
Leikene hass er gjennast lyriske, og ofte mollstemt - slik vårdals-spelet ofte er.


10.Aursundvals nr.2
Det er eit spesielt dåm i musikken frå Røros-traktene, som naturleg nok kan få ein til å tenkje på
den svenske folkemusikktradisjonen. Denne valsen har vi etter Dalakopa.


11.Masurka etter Rønnaug Vangen
Rønnaug Vangen frå Bøverdalen er ein av dei som har gjort mest for å ta vare på den
vokale folkemusikktradisjonen. Mange viser etter ho er også teke vare på i opptak
som Rolf Myklebust gjorde for rikskringkastinga.


12.Turmo-reinlender

13.Gamle Gunleik

Det er artigt, og ikkje minst viktig, å prøve å gjera noko meir enn berre å spela
når ein driv på time etter time i studio. Denne tok vi med for moro skuld.


14.Nørdren (Arnstein Fjerdingren)
Arnstein Fjerdingren kjem frå Nørdre Dalein i Skjåk,
og Nørdren var den fyrste leiken n'Arnstein lågå.


15.Vals i tradisjon
Leiken fann vi på eit gamalt kassettband, og opphavet er ukjent.

16. Bondeguten (Arnt Joar Bråten)

Mange "bondegutar" har nok prøvd lukka i by'n, og langt frå alle har lukkast...

bilete
lyd
medlemane
musikken
på cd
lenker
kontakt
gjestebok
festivalkalender
heimatt
 
  Så langt har FastCounter by bCentral vore innum www.gammeldans.net