live 2004/2005

Spelkåt vikar

Rolling Stones hadde det, og vi kan vel ikkje vera låkare vi. Stones hadde sin faste pianist som den såkalla "6.Stone". Multimusiker Alf Rune Melby kan vel på same måte trygt kallast den "7. strånding". Han stiller villig opp som bassist-vikar, og er heller ikkje vond å be som gjesteartist. Nå sist under 4.dagsfesten i Marlo.


Verdspremiere på "Sammen for Byre"
Kva var vel ein meir naturleg plass å halde utdrikningslag for Geir enn Skjåk Musikk- og Lydstudio. Saman med sjefstekniker Stein Arne og 13 gode kameratar vart det eit gasta lag med mykje god drikke og ikkje minst speling under utdrikningslaget. Det er nå ei enorm glede å kunne presentere videoen som vart spelt inn for heile verda. Last den ned her.

Travelt år for storken
Det gjekk tydelegvis ikkje lange stunda etter bryllupet før Geir og Sigrid skjønte korleis dei skulle gå fram for å
få to til å bli tre (eller kanskje fire- eller fem?). 25.juli er termindatoen. Gratulerer og lykke til med Byre jr. den fysste!!!
Litt tidlegare, i byrjinga av mai, ventar Tormod og Lissa sin nr.3. Sikre kjelder vil ha det til at det blir ein med tut.

Nye bilete lagt til

Bilete frå 4.dagsfesten i Marlo er lagt til i fotoalbumet.

Medlems-nytt
les siste nytt um ramstadstråndingein her.

Sjekk arkivet
Lenge sia du har vore innum sidene?
Sjekk
arkivet med ymse nyheiter.

Skriv i gjesteboka
Det er støtt like triveleg å få attendemeldingar i gjesteboka vår. Legg att ei melding, da vel!

bilete
lyd
medlemane
musikken
på cd
lenker
kontakt
gjestebok
festivalkalender
heimatt
 
  Så langt har FastCounter by bCentral vore innum www.gammeldans.net